fredag 6. juni 2008

Onsdag 04.06.08





Endelig var avreisedagen her!


Denne dagen starta litt seinare enn me hadde tenkt på grunn av noko komplisert pakking. Men ette mykje slit og strev med bagasjen fekk me alt på plass og la i veg med godt mot onsdags morgon kvart over 8. Det var ein fin morgon med strålande sol og nydelig aircondition i bilen! Nå bar det non-stop til Stange i Hedmark der me hadde dagens første tissepause + nisteeting. Deretter kjørte me til Elverum for å handle mat. Herfra gikk turen rimelig radig opp Østerdalen med enorme mengder skog overalt! Neste stopp blei på Stai nær Koppang der me fekk fylt vannflaskene og tømt blærene. Deretter blei neste stopp Tynset der det overaskande nok var svært billig diesel, ein enorm spark og eit særs sært kommunehus. Etter Tynset kjørte me eit stykke inn i Sør-Trøndelag. Der tok me på måfå av på ein sidevei på Lundamo og endte opp i paradis! Nydelig badevann ( over 20 grader) og fin teltplass like ved. Dette blei ein fin kveld med god mat (boksespagetti) og vi inntok soveposene tidlig. Det var varmt og klamt i starten men utpå natta blei det svært så behagelig.

Ingen kommentarer: