mandag 16. juni 2008

14.06.08 Tvers gjennom Nordland- og trøndersk gjestfrihet!






For første gong på lenge kunne me vakne opp å kjenne at sola steikte. Heile 18 grader var det 7 mil nord for Fauske. Etter eit godt måltid på rasteplassen la me i veg på det som skulle bli ein lang transportetappe. Me kjørte nedover heile Nordland kun avbrutt av ein liten stopp på Polarsirkelsenteret, og nistepause i Mosjøen. Generelt kan ein seie at Nordland er eit utruleg fint fylke! Litt utpå kvelden kjørte me gjennom porten til Barteland. Portalen til Nord-Norge andre vegen ser ut som ein bart, så det var ganske artig. Etterkvart kom me til Steinkjer der me fylte Diesel.

Nå kom tida for å prøve å finne ein plass å sove. Kulturlandskap i Nord-Trøndelag er kanskje ikkje det beste område til å finne plass til lavvo i utmark! Så derfor tok Marius saken i eigen telefon, og ringte til ein kamerat frå millitæret som bur utanfor Levanger. Han var tilfeldigvis på besøk hos kamerater og såg fotballkamp. Der blei me også invitert, så me fekk og sett litt EM-fotball. Etter kvart reiste me heim til Trond Erik (kameraten til Marius) der me fekk laga oss middag, og satt opp lavvoen litt utanfor huset. Me må uttrykke ein stor takk til Trond Erik for fantastisk gjestfrihet! Når me kom der, fekk me låne kjøkkenet hans og laga middag, når me hadde slått opp lavvoen kom han med cola til oss, om morgonen kom han med kaffe til oss og me fekk låne dusj! Bedre kan ein ikkje få det!

Ingen kommentarer: