mandag 16. juni 2008

15.06.08 Farvell til Trøndelag og nytt fylke






Denne dagen starta som sagt svært bra! Trond Erik kom med kaffe til oss når me stod opp og når me hadde pakka sammen fekk me også låne dusj. Marius meinte at dette var den beste dusjen på heile turen! Kan kanskje vere ein sammenheng med at han hadde dynka seg med Nordic Summer (meget sterkt myggmiddel) kvelden før. Litt før 12 tar me farvell med Trond Erik og Levanger og setter kursen sørover. Gjestfriheten var på astronomisk nivå ,og den dagen han kjem sørover til Kristiansand så vanker det nok frukost på senga og treretters middag! Turen i dag skulle gå sørover til Trondheim og videre inn i Møre og Romsdal. Første stopp var i Stjørdal, som var ein veldig koseleg by. Der hadde Roar og Marius avtalt å møte diverse kameratar, som enten var eller hadde vore i millitæret. Det vart ein koselig time på Egon med kaffe og kakao og ein del mimring :)


Fra Stjørdal gjekk turen langs kysten utenom bommene til Trondheim. Derfra tok me av på E39 for å kjøre mot Møre og Romsdal. På denne vegen passerte me også kommune nr. 100. Den heldige kommunen var Hemne. Litt utpå dagen var me inni Møre og Romsdal så då var lista over fylke som Jostein har vore i, komplett. Torill-June manglar endå Sogn og Fjordane. Nå kjørte me til Molde, og hadde litt omvisning der. Me såg Domkyrkja, Aker Stadion og seilhotellet. Statoil i Molde sørga for lunsj til Marius, før me kjørte sørover mot Åndalsnes. Her skulle me sjå Trollveggen og kjøre oppover Trollstigen. Fjell her i Romsdal var mektige, og inn Raumadalen var det som å bli fanga av fjell. Trollveggen var mild sagt ganske mektig! Etter Trollveggen kjørte me innover Isterdalen mot Trollstigen. Dette vegstykket hadde me høyrt masse om og alle forventningane me hadde på førehand vart innfridde og vel så det. Den vegen er heilt fantastisk å kjøre, og utsikten er enorm! Å kjøre der kan absolutt anbefalast.

I utgangspunktet skulle me prøve å finne ein plass å sove på fjellet oppforbi Trollstigen men der var det litt vel masse snø, så me kjørte vidare. Det skulle vise seg å vere lettare sagt enn gjort å finne leirplass. Dette førte til at me igjen fekk bruk for Marius sine bekjentskapar rundt om i dette landet. Han ringer til nokre i Ålesund der me får sove i hagen. Vennene til Marius er generelt veldig gjestfrie og hyggelige! Der kjem me fram i 12-tida på kvelden så me slår opp lavvoen fort og legger oss til å sove. God natt!

Ingen kommentarer: