søndag 8. juni 2008

Laurdag 07.06.08





Frå Lofoten til Trømsø


Denne dagen sov me litt lenger enn me har gjort tidlegare. Etter ein betre frukost på verandaen på Fredvang reiste me innover Lofoten. Første stopp vart Nusfjord, eit fiskevær på UNESCO's liste over stader med verdsarv. Neste stopp var to strender ved Uttakleiv. Den eine Noregs vakraste, og den andre Noregs mest romantiske. Her stoppa me, vassa bittelitt, leika i sanden og Roar prøvde å kose med nokre sauer uten hell. Etter stopp her kjørte me forbi "byen" Leknes og til byen Svolvær og videre innover mot Bjerkvik nord for Narvik. Her fekk me sett over mot dei vakre fjella innforbi byen. På grunn av ny og svært fin vei gjekk dette mykje raskare enn forventa og me tok derfor besluttninga om å ta inn ein dagsetappe og kjørte derfor til Tromsø. På vegen stoppa me på Setermoen og helste på Leif, broren til Mark. Deretter kjørte me strake vegen til Tromsø, og fekk verkeleg merke at me kom nordover. Her såg me is på vatnet og snø i vegkanten. Ein kan sei det slik at det er iallefall halvannen månad på etterskot i forhold til Kristiansand. Etter mykje leiting i Tromsø fann me endelig ein liten vei innover i Tromsdalen, og der fekk me slått opp lavvoen i ein bratt skråning. Det hadde vore ein lang dag og Jostein var så trøtt at han ikkje orka å snakke men bare mumla noko om at Marius måtte stå å sove.

Ingen kommentarer: